Avbildet person
History
-
-
Motiv frå arkivet etter Trengereid Fabrikker (1895-1999), frå 1974 Cebelle-Trengereid grunna fusjon med Oslo Baand & Lidsefabrik. Trengereid Fabrikker produserte mange ulike typar mindre tekstilar, hovudsakleg band, lisser, snorer, elastikk og etikettar.
Bedrifta vart grunnlagd på Trengereid i 1895 av Johan Jebsen, bror til industripioneren Peter Jebsen. Allereie i 1909 vart den utvida med ei avdeling på Solheim i Bergen. Fabrikkane vart drivne av sonen Karl Jebsen, fram til 1950. I 1974 slo bedrifta seg saman med Oslo Baand og Lidsefabrik og skifta namn til Cebelle-Trengereid.
Drifta på Trengereid vart nedlagd i 1987, men fabrikken på Solheim var i drift heilt fram til 1999. Delar av maskinparken blei seld etter nedlegginga, og nokre maskiner blei overtekne av Norsk Trikotasjemuseum. Museet forvaltar òg ei produktsamling som dokumenterer produksjonen ved fabrikken, hovudsakleg i etterkrigstida. Bedriftsarkivet på rundt 290 hyllemeter er teke vare på hos Bergen Byarkiv.
Desse fotomotiva er digitaliserte i arbeidet med ordninga av arkivet i 2014, og originalfotografia er lagra på Bergen Byarkiv.
-
Fotografering - 1910
Sjølve eksponeringa.
-
Classification
Placement
References
-
- Arkivreferanser BBA/A-2937/U/Ua/L0001 Fotografia er digitaliserte frå arkivet etter Trengereid Fabrikker hos Bergen Byarkiv. Originalfotografia er oppbevarte der.
License information
-
License
Public domain mark (CC pdm)
Fotograf ukjent.
Metadata
- Identifier NTMT.F00463-1
- Part of collection Tekstilindustrimuseet
- Owner of collection Hordaland
- Institution Museumssenteret i Hordaland
- Date published May 1, 2015
- Date updated December 8, 2021
- DIMU-CODE 021015848673
- UUID 7b95294b-a696-4345-9956-4c51f231ba30
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».