History
-
I huset som stod mellom rådhuset/justisbygget og brannstasjonen fann ein Sportskafeen i første etasje. Kommunen oreigna huset
i samband med bygging av justisbygget, som stod ferdig i september 1968. Eitt aspekt var også at krysset ved brannstasjonen skulle verta meir oversiktleg. Eigarar av Sportskafeen var då Gudmund og Margreta Vårdal, som fekk to år på seg til å finne eit nytt husvære. Vårdal hadde teke over styringa av kafeen i 1963 frå Jorunn Pedersdtr. Sandvin som hadde styrt kafeen i over 30 år. Jorunn Sandvin var gift med Oddmund Torsteinson Sandvin, og etter å ha overdrege garden på Sandvin til hans yngre bror flytte dei til Odda, der dei tok over drifta av Sportskaféen i 1931. Sportskaféen hadde starta under namnet Kafé Central i Handelshuset allereie i 1913. Helene Torekoven dreiv kaféen etter at første eigar Amundsen vann ein sum og selde kaféen. Det var Torekoven som gav kaféen namnet Sportskaféen i 1929.Vårdal ynskja å driva kaféen vidare. Kommunen hadde kome med tilbod om ein plass i det nye Justisbygget, men lokala var ikkje heilt eigna for dette. Sportskaféen flytta for ei kort tid inn i Folkets Hus før dette vart rive i 1971. I 1974 flytta Sportskaféen inn i nye lokale i 2. høgda i Sparebankbygget, etter å ha vore stengd i tre år. Her vart dei verande til dei stengde dørene for godt den 26. april 1991.
Kjelder: Lokalavisene Hardanger og Hardanger Folkeblad.
Fotografering: 1969 - 1970
- ProdusentBirkeland, Knut K. (1884 - 1973)sikker
- Adresse,Norge Hordaland Odda Opheimsgata 22
- ProfessionForretningsførar ved Odda Trygdekasse
- GenderMann
- DigitaltMuseumSearch in «Birkeland, Knut K.»
Eierskap
Placement
References
- Foto-nummerOpphaveleg registreringsnr I-KB002
License information
Metadata
- IdentifierI-06462
- Part of collectionKraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionKraftmuseet
- Date publishedDecember 2, 2014
- Date updatedSeptember 29, 2023
- DIMU-CODE021015595549
- UUIDa3856fdd-6efb-44ea-b03e-a16f5290dbbc
- Tags
2 comments
Einar Ohm, April 23, 2016
Siri Jordal, April 26, 2016
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».