Foto frå botulismekatastrofa på Jæren i september 1995. Det var botulismebakteriar i ein fôrleveranse til pelsdyrfarmane. På Eirik Steinnes sin farm var det 1600-1700 dyr, og berre 16 dyr overlevde, fordi dei hadde fått fôr frå ein tidlegare leveranse. Steinnes oppdaga mange daude mink då han tok den vanlege morgonrunden. Så tok han fleire runder resten av dagen, og fann stadig fleire som hadde døydd. Kvalpane som døydde var fødde i april/mai same år. Dette var midt i røytetida, og derfor kunne ikkje pelsen på dei daude dyra brukast. Steinnes fekk ein container, og dyra gjekk til destruksjon. Photo: Steinnes, Gro / Jærmuseet
Attribution-NonCommercial-NoDerivs (CC BY-NC-ND)
  • Accept license and download photo