History
-
-
Hansavåg (hamn)
Romanifolket som reiste med båt, òg kalla "dei båtreisande", reiste langs kysten av Noreg i fleire hundre år, først med små robåtar, seinare med overbygde skøyter. Dei selde mellom anna småting og blekkarbeid, og overnatta der dei kunne finne eigna stader. Dei hadde mange faste hamner, overnattingsstader og samlingsplassar langs kysten. Etter kvart vart dei fleste bufaste, etter mykje press frå storsamfunnet.
Hansavåg ligg på vestsida av Hasseløy, og vi ser rett over på Vibrandsøy frå denne sida. Vika er i dag mykje mindre (på grunn av utfylling) enn ho var før andre verdskrig, då båtreisande la til her.
Informanten fortalde at dei reisende la seg til med båtane sine her. Det kunne vere fleire båtar samstundes. Dei låg ofte her i nokre dagar før dei reiste vidare, og gjekk rundt på gardane og selde varer.
Båtsenteret AS (Flathauggata 58b) ligg på det utfylte kaiområdet. Det står eit falleferdig, verna sjøhus, kombinert med bustadhus, langs det som er igjen av Hansavågen.
Romanifolket sine kulturminne langs kysten
Romanifolket, eller dei reisande, er ein av fem nasjonale minoritetar i Noreg. Dei hadde tidlegare ein reisande livsstil, men i nyare tid har dei fleste blitt bufaste. Dette er i stor grad på grunn av tvangsbusetjingsarbeidet til Norsk misjon blant hjemløse, eller «Misjonen». Dei arbeida for å utslette den reisande kulturen og språket deira, og tvinge romanifolk til å leve «korrekt». Den norske staten støtta dette arbeidet.
Sidan det er få som no lever slik romanifolket gjorde i fleire hundre år, som reisande på sjø eller land, er minna om kulturen deira i fare for å bli gløymde av storsamfunnet. Det er difor viktig å dokumentere mest mogleg av historia til romanifolket, både for å bidra til å styrke identiteten til folk av romanislekt, og lære yngre generasjonar om eit levesett dei ikkje har opplevd sjølv.
Dei båtreisande, romanifolk som reiste med båt langs kysten, har særleg fått lite merksemd i museums- og kulturminnesamanheng. Haugalandmuseet arbeider med å dokumentere stader langs kysten med tilknyting til dei båtreisande. Dette kan vere hamner, møteplassar, overnattingsstader, stadnamn knytt til romanifolket eller andre stader som fortel om historia deira.
Kjelde
Rapport fra registreringer i Utsira kommune, Haugesund kommune, Karmøy kommune og Bokn kommune (2007) - Haugalandmuseet
-
Fotografering - January 1, 2006
Dokumentasjon av romanifolkets kulturminner. -
Bruk
Stedet ble brukt fram til 1960
-
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier MHB-F_RK-0001_test
- Part of collection Karmsund folkemuseum fotosamling
- Owner of collection Haugalandmuseet
- Institution Haugalandmuseet
- Date published January 20, 2023
- Date updated January 20, 2023
- DIMU-CODE 0210113219023
- UUID 0B63DD46-3F38-4516-8860-66752CC4F3E7
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».