• Bård Estensen Vasli f.17.07.1890 d.11.07.1979 og kona Marta f.18.01.1901 d.17.04.1998, fødd Strand på Lønset. .Bård var frå Bårdsgarden i Storlidalen, nr. 7 i ein søskenflokk på 10. Han hadde ein bror, Lars, kjent som ein teknisk begavelse. Bl.a. laga han sitt eige fotoapparat og sin eigen filmframvisar. Det finnst utruleg mange lokale bilde etter han, sjølv om han døydde berre 33 år gamal. Han bygde òg ein slags «snøscooter»..I 1930 kjøpte Bård Breesgården av søskenbarnet til far sin. Same året gifta han seg med Marta, og fekk fire born, tre døtre og ein son. Eldste dottera, Marit, vart bonde i Bårdsgarden. Sonen, Esten, fekk skjøte på Breesgården, lokalt kalla Gå`årn i 1967. Han er gift med Margot, fødd Meisal. .Måleriet på lysomnen er måla etter eit fotografi av Lars Vassli. Biletet er av Bårdsgarden med fjella på vestsida mot Innerdalen i bakgrunnen. Lysomnen er no utriven frå gamalstuggu på Gåra. Peispusten på veggen er nok skoren av Bård.
    Photo: Jon Bjordal f.30.12.1908 d.12.02.1987 / Romsdalsmuseet

Bård Estensen Vasli f.17.07.1890 d.11.07.1979 og kona Marta f.18.01.1901 d.17.04.1998, fødd Strand på Lønset. .Bård var frå Bårdsgarden i Storlidalen, nr. 7 i ein søskenflokk på 10...

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to