• Geitbåt med 4 årepar, firrøring. Ved årane sit siste eigar, Erik Andreassen Heggnes f.1888 d.1974, gardbrukar på Øvre Hengnes, gnr. 125/2 i Molde kommune. Bildet er tatt i samband med at Erik gav båten til Fiskerimuseet på Hjertøya i 1960-åra. Dette er ein geitbåt med uvanleg breie bord. Han står i Båthallen på Fiskerimuseet..Hengnesgardane ligg på nordsida av Langfjorden, og i bakgrunnen ser vi området frå Slemma, Holm og Holmsholmen t.h. for roaren. I Arnold Solemdal: Bygdebok for Nesjestranda, Molde1995, s. 965 står: «Andreas Amundsen Heggnes, 1850-1932, var gardsarbeidar heim i ungdomsåra. Då var det framleis naturalhushald. For å få pengar, lasta dei firerøringen med gardsprodukt som ved, slakt, smør og nøtter og reiste til Molde og selde. Ei byreise kunne gjerast på ein dag dersom ver og vind var lagleg.».Aud Flovikholm, f. 1935, dotter til gjevaren, minnest knapt av båten vart brukt i hennar oppvekst, kanskje var det levert ved frå båten til ein større båt ein gong.
    Photo: Romsdalsmuseet

Geitbåt med 4 årepar, firrøring. Ved årane sit siste eigar, Erik Andreassen Heggnes f.1888 d.1974, gardbrukar på Øvre Hengnes, gnr. 125/2 i Molde kommune. Bildet er tatt i samband ...

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to