History
-
-
Strekninga Gaular grense-Moskog var rundt 19 km og vart teken opp som hovudveg på vegbudsjettet i 1922. Stigninga var 1:3 opp på Rørvikfjellet, og såleis var det ei stor oppgåve å gjera vegen framkommeleg for biltrafikken. I perioden 1913-16 hadde distriktet forskottert fleire parsellar. Men ikkje før i juni 1936 kunne ein lesa i avisa Firda, at Haukedalsvegen var opna. På det tidspunktet var det enno delar av vegen som så vidt var farbar for bil sommars tid (gjennom Holsendalen). Vegen var endeleg ferdig ut på 1940-talet. Men med aukande biltrafikk, vart sambandet over Rørvikfjellet ikkje berre ei lokal vegutløysingssak, men også ein viktig del av tverrsambandet mellom Sogn og Sunnfjord.
(Kjelde: Nettstaden "Kulturhistorisk leksikon", artikkelen "Haukedalen og vegutløysing til fjorden" av Kristin Ese.)
Bilen er ein 1946-modell Buick. Firda Billag kjøpte den litt brukt i Bergen og den hadde då kjennemerke "O-2978". Den 23.06.1947 vart den registrert på "S-1915". Den gjekk i drosjetrafikk og vart mykje brukt i doktor- og dyrlegeskyss i Førde, Gaular og Jølster.
(Kjelde: Nettstaden: "Bildearkiv - Håkon sine rutebilbilder med opplysningar. Bilete frå tidlegare tider i rutebilnæringa").
-
Fotografering - 1949
Foto utlånt av Firda Sjåførforening, Førde - Fotograf Ukjent fotograf
-
Classification
References
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- Identifier NVM 14-F-00723
- Part of collection Norsk Vegmuseum
- Owner of collection Norsk Vegmuseum
- Institution Norsk vegmuseum
- Date published November 26, 2021
- Date updated November 26, 2021
- DIMU-CODE 0210111456080
- UUID a185b12c-b35f-4d03-a758-282451d4e8ee
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».