Photographer
History
-
På Torsnesstøylen var det gamal skikk at sela skulle stå ulåste slik at ferdafolk kunne søkje ly om dei kom opp i uvêr. Sela skulle av same grunn vere rikeleg forsynte med ved - men det vart også gjort for at ikkje ferdafolk i naudsfall skulle brenne opp møblar og kjerald i mangel på ved i sela.
Men diverre var Sværeskaret også ferdsleveg for uærlege folk, som fleire gonger røva og stal frå støylane. Ein gong kring 1800 kom eit fantefylgje over Sværeskaret og la seg til ved Torsnestøylen. Der forsynte dei seg det dei orka med smør og ost, og slakta bufe til mat.
Segna vil ha det til at ei av budeiene fekk varsla ned i bygda ved å blåse i lur. Folk kom opp med våpen og fekk fanga fantepakket og sende dei basta og bundne til lensmannen. I 1976 stelte folket kring Sværefjorden i stand den gamle ferdslevegen over Sværekaret.
(Kjelde: Nettstaden "Allkunne", artikkelen "Gjestfrie stølseigarar" av Ottar Starheim, NRK Sogn og Fjordane.)
Fotografering: May 7, 1952
- FotografNorddal, Kåresikker
Classification
References
-
- LitteraturreferanseArtikkelen "Gjestfrie stølseigarar" av Ottar Starheim, NRK Sogn og Fjordane
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierNVM 14-F-00525
- Part of collectionNorsk Vegmuseum
- Owner of collectionNorsk Vegmuseum
- InstitutionNorsk vegmuseum
- Date publishedNovember 18, 2021
- Date updatedNovember 18, 2021
- DIMU-CODE0210111422235
- UUID23f9b036-2d08-4816-a7d6-72f43af41c19
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».