• Byggjing av Måløybrua åra 1972 - 1973.

I samband med byggjinga måtte huset til Oliver Otterdal rivast. Sjå og motiva NVM 14-F-02411, NVM 14-F-02412 og NVM 14-F-02414

Vegarbeidet på fastlandet tok til i oktober 1970. Bruentreprisen byrja i november 1971 og hovedentreprenør var Eeg Henriksen AS. I januar 1972 tok støypinga til og i desember 1973 stod brua klar for trafikk. Brua vart offisielt opna 11. juni 1974 av H.M. Kong Olav.

Måløybrua er ei spennbetongbru med to hovedspenn over skipsleia, kvar på 125 meter, i tillegg til to sidespenn 65 meter bygd etter fritt-fram-metoden. Dei fleste av dei 30 andre spenna har 30 meter i spennvidde. Den samla brulengda er 1224 meter. Seilingshøgda i skipsleia er 42 meter. Til brua gjekk det med 1500 tonn armeringsstål, 14 300 m³ betong og 175 000 meter spennkablar. Brua har kurver både i vertikal- og horisontalplanet, noko som gjorde brua komplisert å byggja.

(Kjelde: Boka "På god veg - Veghistorie i Sogn og Fjordane" av Kristin Ese)

Bilete er eit av 95 motiv frå byggjinga av Måløybrua.
    Photo: Hagen, Ragnar / Norsk vegmuseum

Byggjing av Måløybrua åra 1972 - 1973

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits
Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to