• Byggjing av Måløybrua åra 1972 - 1973.

Det var stor fest og stas i Måløy da Måløybrua vart offisielt opna 11. juni 1974 av H.M. Kong Olav med marineuniform. Opninga fant stad ved Spiralen på Måløysida. Ved snorklippinga blir Kongen assistert av vegsjef i Sogn og Fjordane, Rasmus G. Værn (1970 - 1985).

Vegarbeidet på fastlandet tok til i oktober 1970. Bruentreprisen byrja i november 1971 og hovedentreprenør var Eeg Henriksen AS. I januar 1972 tok støypinga til og i desember 1973 stod brua klar for trafikk.

Måløybrua er ei spennbetongbru med to hovedspenn over skipsleia, kvar på 125 meter, i tillegg til to sidespenn 65 meter bygd etter fritt-fram-metoden. Dei fleste av dei 30 andre spenna har 30 meter i spennvidde. Den samla brulengda er 1224 meter. Seilingshøgda i skipsleia er 42 meter. Til brua gjekk det med 1500 tonn armeringsstål, 14 300 m³ betong og 175 000 meter spennkablar. Brua har kurver både i vertikal- og horisontalplanet, noko som gjorde brua komplisert å byggja.

(Kjelde: Boka "På god veg - Veghistorie i Sogn og Fjordane" av Kristin Ese)

Bilete er eit av 95 motiv frå byggjinga av Måløybrua.
    Photo: Hagen, Ragnar / Norsk vegmuseum

Opninga av Måløybrua 11. juni 1974

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to