History
-
Biletet vart sendt av nokon som utvandra frå Frønsdal til Amerika. Vedkommande har skrive følgande på baksida av biletet:
"Først raker dei høyet i skårer med en rive og så samler dei det saman med dette maskineriet og kjører det bort på noget andet maskin"
--------------------------
Originalbiletet er eit gammalt fotografi, lånt frå ei privat samling og avfotografert av Endre Heggen i 1986. Endre Heggen var lokalhistorikar og sogelagsmann i Ølen. Han var fødd i Stavanger 5. august 1920, men flytta til Ølen i 1935. Far hans kom opphaveleg frå garden Heggjo i Ølen.
I vaksen alder byrja Endre Heggen å fatte interesse for kulturminne og kulturvern. Det starta med interessa for bygningskultur. Sidan tok han òg til med å samle inn gjenstandar frå Ølen og Bjoa. Frå midten av 80-talet gjekk han systematisk til verks med å intervjue og samle inn bilete frå folk i nærområda, og opparbeidde seg etterkvart ei vesentleg samling av både lydopptak og kopiar av gamle bilete. Samlinga vart sidan gjeven til Vindafjord kommune og er no del av Haugalandmuseet sine samlingar.
Fotografering: 1910 (ca.)
- FotografUkjent
Produksjon: 1986
Endre Heggen har registrert bildet i 1986.- SamlingsskaperHeggen, Endre
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierVHS-F.00108-07
- Part of collectionKarmsund folkemuseum fotosamling
- Owner of collectionHaugalandmuseet
- InstitutionHaugalandmuseet
- Date publishedNovember 10, 2021
- Date updatedNovember 25, 2021
- DIMU-CODE0210111407545
- UUIDc287bd74-dfe9-4338-9398-b8c406575e48
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».