History
-
Isak Pederson og kona Guro Larsdotter var frå Utbjoa - han frå Oppistovo og ho frå Svalland. De kjøpte garden på Romsa i 1892. I 1907 tok sonen Anton og kona Helene over og hadde garden til dei i 1928 selde til Arne Haukeland og flytte til Hauge på Bjoa.
-----------------------------
Originalbiletet er eit gammalt fotografi, lånt frå ei privat samling og avfotografert av Endre Heggen i 1985. Endre Heggen var lokalhistorikar og sogelagsmann i Ølen. Han var fødd i Stavanger 5. august 1920, men flytta til Ølen i 1935. Far hans kom opphaveleg frå garden Heggjo i Ølen.
I vaksen alder byrja Endre Heggen å fatte interesse for kulturminne og kulturvern. Det starta med interessa for bygningskultur. Sidan tok han òg til med å samle inn gjenstandar frå Ølen og Bjoa. Frå midten av 80-talet gjekk han systematisk til verks med å intervjue og samle inn bilete frå folk i nærområda, og opparbeidde seg etterkvart ei vesentleg samling av både lydopptak og kopiar av gamle bilete. Samlinga vart sidan gjeven til Vindafjord kommune og er no del av Haugalandmuseet sine samlingar.
Fotografering: 1910 (ca.)
- FotografUkjent
Produksjon: 1985
Endre Heggen har registrert bildet i 1985.- SamlingsskaperHeggen, Endre
- ReprofotografHeggen, Endresikker
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierVHS-F.00068-08
- Part of collectionKarmsund folkemuseum fotosamling
- Owner of collectionHaugalandmuseet
- InstitutionHaugalandmuseet
- Date publishedJuly 30, 2021
- Date updatedNovember 25, 2021
- DIMU-CODE0210110497387
- UUID50323701-2713-461b-a77f-1c496460fc8c
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».