Postkort av bufar frå Lissetrene på Aurtjernåsen, 1909.
Anders A. Lie med bufarlass med hest og kjerre. Kari A. Lie, Bente Lie og Marit Lie følger en flokk sauer og nokre kyr. Skigard langs Hedalsvegen. Biletet er take på bygdevegen i H ...
Anders A. Lie med bufarlass med hest og kjerre. Kari A. Lie, Bente Lie og Marit Lie følger en flokk sauer og nokre kyr. Skigard langs Hedalsvegen. Biletet er take på bygdevegen i Hedalen, ved gardstunet på Nerby. På Nerby har det vore både skysstasjon, postopneri og butikk.
Frå gamalt av gjekk ferdselsvegane ofte i åsdraga. Der var det lettare å ta seg fram. Ein slik kløvveg skal ha kome nordfrå via veståsen i Aurdal, om Reinli til Hedalen, og vidare om Vidalen og Soknedalen til Ringerike. Fram til Aurdal prestegjeld vart delt i to i 1805, hadde soknepresten i Aurdal ansvaret for kyrkjene sør i Valdres. Han skal ha nytta denne vegen dei gongene han kom. Avstanden var lang, og vinterstid var vegen sikkert lite framkomeleg. Det kunne difor gå lang tid mellom kvar gong Aurdals-presten tok turen til kyrkja i Hedalen. Rundt jonsoktider var det marknad ved kyrkja. Der var det både hestehandel, sal av kaffi, bakkels og brennevin, spel, dans og høgmesse innimellom. Dit skal det ha kome folk frå heile Valdres, Hallingdal, Ringerike, Toten og Hadeland – til fots eller med hest. Ein del tok turen for å skaffe seg tenestefolk og treffe kjente – og mange skal ha funne seg ektefelle der. Biletet viser bufar langs bygdevegen gjennom gardstunet på Nerby. På garden der har det vore både skysstasjon, postopneri og butikk. Foto: Gudbrand Ø. Skinningsrud. BHS-007.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».