Photo: Statsbygg / Kunst i offentlige rom

Statsarkivet i Bergen

3 objects

Skulptur fra arkivet [Installasjon]

Statsark et [Skulptur]

Helsingar [Tekstil]

Statsarkivet i Bergen ligg under Kulturdepartementet og forvaltar arkiv frå statlege institusjonar i Hordaland og Sogn og Fjordane. I 2012 flytta Statsarkivet inn i nye lokale. Nye underjordiske magasin og eit nytt konserveringsbygg vart oppført, og det gamle bygget frå 1920-talet, som blir rekna som eit av hovudverka til arkitekt Egill Reimers, blei restaurert.

Kunstnaren Tor Børresen vart hyra til å lage to kunstverk til bygget. Metallskulpturen ved hovudinngangen er ei om lag fire gonger tre meter stor etterlikning av eit samankrølla A4-ark, og den utbretta bindersen i hagen er i tilsvarande format. Dei to verka er nær skylde: Ein binders held fleire papir saman, og slik minner prosjektet om korleis historieskriving handlar om ein serie bevisste val. Det kvite arket er knytt til nye moglegheiter og nytt liv, samtidig som papirmaterialet er sjølve grunnlaget for verksemda til Statsarkivet. Eit arkiv kan samle og dokumentere eit heilt liv, men kan òg redigere bort uvesentlege hendingar. Samankrøllinga av papiret er såleis fleirtydig, sidan det òg sender tankane til kasserte ark, notat eller forteljingar som fell utanfor den offisielle historieskrivinga.

Den kvitlakkerte stålskulpturen er sveisa, bøygd og banka slik at den rette naturtru forma kjem fram, og slik at folk kan bruke den som benk. Faldar og fordjupingar fangar lys og kastar skugge, og uttrykket endrar seg etter vêrforholda. Dei overdimensjonerte kontorrekvisittane løftar fram motsetninga mellom det unike og det kvardagslege på ein måte ein kjenner igjen frå andre installasjonar og skulpturar av Børresen.

Statsarkivet har òg eit stort tekstilarbeid av Åse Ljones. Bak tekstilen Helsingar ligg ei personleg historie: Dei broderte helsingane kjem frå kvinner som har vore viktige støttespelarar i kunstnaren sitt liv. Samtidig minner verket oss på noko som er i ferd med å forsvinne frå offentlegheita: den personlege handskrifta. I likskap med dei to verka til Børresen rører verket til Ljones slik ved eit viktig utgangspunkt for arkivering.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to