Akershus festning, armeens Depot

Photo: Mahlum, I. / Kunst i offentlige rom

Akershus festning er ei unik og rik samling av bygningar frå ulike epokar, bygd gjennom om lag sju hundre år. Delar av Akershus er opne for publikum, men blir disponert og administrert av Forsvaret. Armeens depot, ein vakker bygning i empirestil frå 1832 som ligg ut mot Kirkegata, er ein av dei bygningane publikum ikkje har tilgang til. Bygget har dei siste åra blitt omfattande restaurert, og dei innvendige fornyingane har gjort romma moderne og funksjonelle.

Valet av kunst fall på verk av dei tre tekstilkunstnarane Marit Helen Akslen, Anne-Line Iversen og Inger Johanne Rasmussen. Akslen har produsert tre tekstilverk som heng i fellesområdet i fyrste etasje. Dei er laga av skjorter frå overskotslageret til det militære. Tittelen – og motivet – på eitt av dei er No Fear. Bokstavane er blåsne opp slik at dei fyller bildet, noko som gjev bodskapen eit insisterande, nesten manisk uttrykk. To andre tekstilarbeid av Akslen viser intrikate geometriske mønster bygd opp ved hjelp av ein kneppe- og veveteknikk. Når ein kjem tett på, blir utgangspunktet for verka – militærskjortene – godt synleg.

To store tekstil- og silketrykk av Anne-Line Iversen er plassert i fellesområdet i tredje etasje. I Stjerner 1 og Stjerner 2 dekkjer eit stjernemønster overflata på verka. Forma er abstrakt, samtidig som stjerna er eit velkjent motiv i ein militær kontekst og knytt til eit hierarkisk system med distinksjonar.

I fellesområdet i andre etasje finn ein bildeteppet Uklart paradis av Inger Johanne Rasmussen. Bildet, på vel to gonger tre meter, består av veva, tova og handfuga ullstoff. Motivet er ein slags festning eller innhegning som ei stor sky av ulike fargar stig opp frå. Uttrykket er abstrakt, men vi kjenner att mønsteret frå mellom anna det tradisjonelle blomsterbroderiet, som av Rasmussen er fortolka og framandgjort i eit flatt og pikselliknande uttrykk.

Share to