Photo: Statsbygg / Kunst i offentlige rom

Åna fengsel

I valet av kunst til Åna fengsel er det lagt vekt på at dei innsette skal kunne sjå nye sider ved kunstverka over tid.

Åna fengsel, som ligg i Hå kommune på Jæren, var opphavleg ein tvangsarbeidsanstalt frå 1915, men vart gjort om til fengsel i 1970. Snittalderen på dei innsette er 33 år. Mellom 60 og 70 prosent er rusmisbrukarar, og mange kjem frå andre land. Dei fleste sonar korte dommar.

I samband med ombygginga av fem avdelingar med 50 fengselsceller har KORO gjennomført eit kunstprosjekt som har resultert i fem kunstverk. Kunstverka er plassert i fellesareala kor dei innsette et og slappar av når dei ikkje er på cellene.

Ivan Galuzin (RUS/NO) har laga to måleri/kollasjar: "Terapi og Life" is a Killer. Begge er bygd opp av symbol og kodar, brotstykke av tekst og poesi samt utklipp frå magasin. Alt er måla over og fernissert. Verka er personlege samtidig som dei snakkar direkte til både norske og utanlandske innsette.

Stian Gabrielsen (NO) har i samarbeid med Cecilia Jiménez Ojeda (NO) skapt eit verk i teikneserieformat. Det er ei svart humoristisk skildring inspirert av Johnny Cash-låten «A Boy Named Sue»: Far og son sit på kvar sin fluktstol i ørkenen og ser sola gå ned. Dei småpratar, og faren verkar etter kvart upåliteleg og småsenil. Relasjonen mellom dei to kan få ein til å tenkje på fengselsvesenet og den innsette, eller samfunnet og individet, og dermed spørsmål om strukturell og personleg autoritet.

I tillegg er det kjøpt inn to fotoseriar av Monica Winther (NO). "Ved soloppgang – Zipolite" består av tre fotografi frå Zipolite-stranda i Mexico, kor Winther fotograferte laushundar kvar morgon kl. 6 i éin månad.

Fotoserien "Paction Painting" dokumenterer ein performance kor Winther målar og skaper nye verk til musikk. Slik illustrerer ho det å la seg absorbere av ein tilstand og skape utan reglar og hemningar. Winther har også gitt fengselsleiinga tekstar om tanken bak verka. Desse tekstane kan bli vidareformidla til dei innsette og slik gi dei nye opplevingar av kunstverka.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to