Embetsboligen i Abu Dhabi

Photo: Ukjent / Kunst i offentlige rom

Biletinstallasjonen hennar for Abu Dhabi er inspirert av barokke blomstermønster, produserte i vevstovene i Sør-Gudbrandsdalen rundt 1700-talet. Desse var under innverknad frå tyske og flamske tapisserivev-verkstader og hadde persisk opphav. Til trappeveggen har ho laga eit større ”moderbilete”, eit relieff i aluminium, og til salongområdet ein serie på fire mindre bilete. Dei fem bileta framstår som ein samla og sjølvstendig heilskap, både i forhold til møblerte omgivnader og resten av kunsten.

Share to