Photo: Tomren, Anders / Kunst i offentlige rom

HiOA Høgskolen i Oslo og Akershus, fakultetet for samfunnsvitenskap

Fakultet for samfunnsvitenskap held til ved Holbergs plass i Oslo og tilbyr rundt 3500 studentar studium i alt frå økonomi og administrasjon til journalistikk og sosialfag. Arbeid med grafiske framstillingar og statistisk materiale er ein naturleg del av samfunnsvitenskapen og har gitt dei assosiative rammene for Jan Freuchens kunstverk "Quattro Stagioni". Verket er plassert i det store og opne inngangspartiet og består av ei skulpturgruppe plassert på golvet og ei større teikning på veggen. Dei tre bronseskulpturane forma som stablar av matte, kvitlakkerte pizzaesker er svært realistiske. Det er også den vesle blyanten i støypt bronse som ligg oppå den eine stabelen. Tilfeldig blyantrabling fleire stader oppfordrar til handling, på same måte som bronsestablane inviterer ein til å setje seg. Teikninga på veggen bak viser ei kaotisk samanblanding av dei mange patenta til standardeska, i sterke fargar. Resultatet er ein kontrast mellom det skjematiske og kontrollerte og det spontane og emosjonelle. Tittelen "Quattro Stagioni" refererer både til ein vanleg pizzavariant og til dei fire årstidene, som er den bokstavelege tydinga. Ein gjennomgangsidé i Freuchens arbeid er å bruke ei eksisterande form eller idé for å generere nye variantar. Slik oppstår det ein intern logikk i verket, samtidig som det ikkje er lausrive frå det prosaiske utgangspunktet. Jan Freuchen (NO) er utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen og Städelschule i Frankfurt. Han arbeider ofte med installasjonar som inkluderer skulptur, teikning og fotografi. Gjennomgåande i verka hans er ein særeigen type samtidsarkeologi.

Add a comment or suggest edits

Leave a comment or send an inquiry

Share to