Photo: Giæver, Katrine / Kunst i offentlige rom

Politiets utlendingsinternat, Trandum

Utlendingseininga til politiet / Trandum internat er opphaldsstad for asylsøkjarar som har fått endeleg avslag på søknad om opphaldsløyve, og asylsøkjarar med ukjend identitet.

Først i 2008 låg det føre ei eigentleg utlendingsinternatforskrift som mellom anna gjer greie for dei juridiske rettane til dei internerte. Åsa Sonjasdotters prosjekt tek utgangspunkt i den sårbare situasjon dei internerte er i. Ho har fått forskriftene omsette til dobbelt så mange språk som politiet valde, slik at desse no finst på dei åtte hyppigast brukte språka ved internatet. Materialet er lagt som dokument på maskinar dei internerte kan bruke. Kunstnaren har også sørgt for at alle desse språka og dei tilhøyrande alfabeta har vorte programvare på desse maskinene. Ho har dessutan installert ein skrivar og lagt til rette for at dei internerte har tilgang til konvoluttar og frimerke for dei komande ti åra.

Ut over dette bidraget til auka informasjon om eigen situasjon og kommunikasjon med omverda har ho montert ei oppslagstavle ved kvar sengeplass som gir høve til eit minimum av personleg rom i internatsituasjonen. Sonjasdotter har i tidlegare prosjekt utforska og engasjert seg i ulike problemstillingar knytte til migrasjon, menneskerettar og kommunikasjon.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to