Photo: Kvaale, Monica / Kunst i offentlige rom

Datatilsynets kunstprosjektv "Privatlivets fred"

I ei tid då nesten alt vi gjer etterlèt digitale spor, er det ikkje sjølvsagt at vi har kontroll over kva andre veit om oss. Datatilsynet har som oppgåve å sjå til at enkeltmenneske ikkje blir krenkte gjennom bruken av opplysningar som kan bli knytt til dei.

I 2008 fekk Datatilsynet midlar frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet til eit kunstprosjekt for å profilere verksemda si. Prosjektet vart gjennomført av KORO og Rom for kunst. Etter ein open idékonkurranse vart fire kunstprosjekt valt ut. Dei vart vist på Oslo S i perioden 1. oktober–26. november 2008.

Ingvild Kjær Toftes verk Manuell overvåkning var eit provisorisk overvakingsbyrå der kunstnaren teikna forbipasserande på Oslo S nokre få timar kvar dag. Ho overvaka andre, men var også sjølv synleg. Teikningane vart hengt opp og sidan samla i ei mappe publikum kunne bla i.

Bomring DK58503 av Veronika Moen var ei grafisk visualisering på skjerm og foto av dei 271 bomring-passeringane kunstnaren gjorde i 2007. Slik synleggjorde kunstnaren den mengda av informasjon som blir lagra om heilt daglegdags aktivitet.

ICU (Eye see you) av kunstnarduoen BULL.MILETIC bestod av to skjermar i vandrehallen i Oslo S som viste eit auge og korleis det rørde seg. Auget var filma slik at det gav inntrykk av å følgje med på dei forbipasserande, som eit menneskeleg overvakingskamera.

Venner av Helene Torp utforska gjennom videoanimasjon korleis språket i sms-ar, nettsamfunn og reklame infiltrerer annan kommunikasjon, og kor grensa bør gå mellom offentleg og privat.

Kunstprosjektet vart opna av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys 1. oktober 2008 og fekk mykje mediedekning.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to