Menu 0
Close

Lysaker stasjon

Bo Meyer og Steinar Jakobsen stod for to større kunstnariske arbeid på Lysaker stasjon, som opna i 2009 etter ei større ombygging. Dei tok utgangspunkt i hovudmateriala som pregar bygget; betong og glas, men med svært ulike val av uttrykksform og materiale.

Med ombygginga har togstasjonen, som er ein av dei største i Noreg, fått fire spor, to nye plattformer samt kollektivterminal. Bo Meyer har utført verket "Signs" direkte på betongfasaden til bygget. Han har måla til saman 32 enkle symbol, som piler, sirklar, trekantar og kryss. Symbola held fram rundt bygget og dannar slik eit band som knyter nord- og sørsida av stasjonen saman. Halvparten av symbola er militære symbol som blir nytta i samband med strategisk planlegging av krigshandlingar og invasjon. Den andre halvparten er nordamerikanske indianarsymbol. Symbola dannar til saman 16 par, og ifølge kunstnaren representerer militærsymbola det jordiske, elendigheita og synda som mennesket har skapt, mens indianersymbola representerer det himmelske og guddommelege verdiar.

Steinar Jakobsen sitt arbeid "Look back in Puzzlement" er utført på tre pleksiglasplater; ei farga, ei transparent og ei svart, samt ei klar bakplate. Arbeidet tar utgangspunkt i stillbilde frå videoar av menneske i eit nattleg urbant landskap. Det er rissa inn figurar i glasplatene i 1:1-format. Risseteknikken er inspirert av tagging på t-banevindauge i New York og andre byar, såkalla «scratchiti», som er vidareutvikla av Jakobsen. Effekten er at figurane framstår som anonyme silhuettar, slik straumen av reisande på ein jernbanestasjon kan verke på oss.Verket er plassert i gangområdet under spora, der det finst mellom anna reisesenter, serveringsstader, venterom og toalett. Dei to kunstnarane deltok aktivt i byggeprosessen saman med Jernbaneverket og arkitektar i Snøhetta.

2 related items