Photo: Regjeringen.no / Kunst i offentlige rom

Forsvarets leiingsbygg, Akershus festning

Bygget stod ferdig i 2007. I det prislønna byggeprosjektet blei fleire gamle bygg restaurert, og bygd saman med ein ny konstruksjon i betong og glas. Formålet var mellom anna at den øvre leiinga i Forsvaret skulle vere lokalisert i same området som Forsvarsdepartementet.

Dei historiske omgjevnadene, kring eit av dei eldste kulturmiljøa i Noreg, sørgde for at dei arkitektoniske og estetiske kvalitetane til bygget og staden allereie var klart definerte. Kunstutvalet såg seg derfor om etter eit markant kunstverk som kunne stå på plassen utanfor bygningen. Membran (Ud.1) er ein trebeint, tre meter høg skulptur i syrefast stål som rommar fleire tydingar. Øvst på skulpturen er det ein slags sonde, eller radar, som leikar med ideen om at ein kan tyde løyndomane og tankane Forsvaret arbeider med, men som dei helst vil skjule for offentlegheita. Membran er ei tynn hinne som tek i mot og måler kva den einskilde tåler av trykk.

Parantesen i tittelen viser til ironien i at kunstnaren har laga kunst til Forsvaret, men ikkje fekk avtene verneplikta. Nemninga (Ud.1) refererer til vernepliktsboka hans frå 1972, der det står «Udyktig 1».

Per Inge Bjørlo er fødd i 1952 og er rekna som ein av dei mest sentrale nolevande kunstnarane i Noreg. Både som skulptør og grafikar er han kjend for dei mentale bilda sine, der han arbeider ut frå eit indre, emosjonelt rom som ikkje så enkelt lét seg definere eller fange. Kunsten hans inviterer tilskodaren til å reflektere over kva ho kjenner, snarare enn kva ho ser.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to