Photo: Høgskolen i Lillehammer / Kunst i offentlige rom

HINN Høgskolen i Innlandet, Den norske filmskolen

John Waters (USA) er ein kjend filmskapar, kritikar og kunstnar. På Den norske filmskolen på Lillehammer kan ein sjå tretten av fotomontasjane hans.

Sidan 1997 har den viktigaste filmutdanninga i Noreg lege på Lillehammer. Den norske filmskolen tilbyr bachelor- og masterstudium innanfor ulike disiplinar i filmfaget, som regi, foto, manus og klipp. I 2004 fekk skulen omsider sitt eige bygg, og i samband med dette blei det kjøpt inn kunst til dei nye lokala.

Det er ikkje vanskeleg å sjå kvifor kunstverka på Den norske filmskolen heng her. John Waters (f.1946) er ein amerikansk filmskapar, kjend for kultfilmane "Pink Flamingos" (1972) og "Hairspray" (1988), men han arbeider også med fotografi. Waters fotograferer eigne og andre sine filmar, ofte rett frå TV-skjermen. Desse stillbilda set han saman til nye, friske og utfordrande historier. Til skulebygningen på Lillehammer er tretten av fotografia hans kjøpt inn. Dei tematiserer på kvar sin måte film og populærkultur, marginal- og mainstreamkultur, med humor som ein viktig ingrediens.

Fire andre verk med tilknytning til film er også kjøpt inn, alle med tittelen "Tarzan". Desse er det den norske kunstnaren Hanne Nielsen som står bak. Eit stort oljemåleri på lerret i hovudinngangen er blikkfanget. Dei er supplert av tre blyantteikningar, som heng i administrasjonsfløya. Motiva er henta frå Hollywoodfilmen «Tarzan» frå 1950-talet, med romantiserande og idealiserande framstillingar av jungelhelten, heilt i tråd med filmspråket på den tida. Her finn vi ansatsar til det klisjéaktige, det iscenesatte og det teatralske, med ein klar tematisk signaleffekt for filmskulen.

Den norske filmskolen er ein del av Høgskolen i Lillehammer, som ligg i ei klynge med fleire bygg på Storhove fem kilometer utanfor bykjernen. KORO har vore ansvarleg for fleire kunstprosjekt ved høgskulen.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to