UiT Norges Arktiske Universitet, Campus Tromsø, Farmasibygget

Photo: Storvik, Kjell Ove / Kunst i offentlige rom

Livets elv er namnet på det 50 meter lange veggmåleriet til Thor Erdahl som strekker seg langs heile glasfasaden på Farmasibygget.

Det stramme, lyse farmasibygget på UiT er teikna av Borealis Arkitekter og stod ferdig i 1998. Bygningen ligg sentralt i realfagsparsellen nord på campusområdet, og har ei langstrakt form med eit avrunda tak og ein fasade av glas og tegl. Auditoriet er lagt utanfor sjølve bygget som eit sirkulært tilbygg.

Det var den nordnorske kunstnaren Thor Erdahl (f. 1951), busett i Kabelvåg, som fekk i oppdrag å utsmykke den 50 meter lange glasfasaden i ein vestibylekorridor i bygningen. Erdahl er utdanna målar og grafikar frå Statens kunstakademi i Oslo. Han er kjend for sin ekspressive bruk av reine og skarpe fargar, som han nyttar i sterke kontrastar. I dei tidlege grafiske arbeida hans var uttrykket konkret forteljande, men etter kvart som han utvikla seg som målar, blei arbeida kjenneteikna av meir symbolske forteljingar og abstraherte, geometriske former.

Symbolbruken er også synleg i "Livets elv" i Farmasibygget. I mylderet av abstraherte naturformer kan ein innimellom sjå snev av hus, byar, båtar og andre menneskeskapte strukturar. Men ein kan også få assosiasjonar til natur og landskap, til fjell, jorde og vatn. Erdahl har tatt heile glasfasaden i bruk som lerret. Verket buktar seg bortetter veggen, akkurat slik tittelen ymtar om – som ei elv

Add a comment or suggest edits

Leave a comment or send an inquiry

Share to