Photo: Statsbygg / Kunst i offentlige rom

BUF Skåland Ungdomssenter

Skåland ungdomsbase hadde ei lang fortid som barnevernsinstitusjon då bygget vart totalrenovert i 2008. Til denne staden har kunstnaren Christian Sunde laga skulpturen Framut.

1 object

Framut [Skulptur]

Nokså avsides i Lund kommune i Rogaland, inntil store naturområde og med ein gamal, skrånande eplehage, ligg eigedomen som fram til 2013 husa ungdomsbasen Skåland. Tidlegare var det sanatorium og skule her, men mellom 2008 og 2013 var bygningen i bruk som barnevernsinstitusjon.

I 2008 blei det investert stort i eigedomen. Trehuset på fire etasjar frå 1932 blei totalrehabilitert. I tillegg blei det bygd tre nye internatbygg og ny verkstad på tomta. Sidan internatbygningane skulle verke som private heimar, og hovudbygningen også ville ha avgrensa tilgang for offentlegheita, blei det bestemt at kunstmidla for dette prosjektet skulle nyttast til eit kunstverk utandørs. Kunstnaren blei også beden om å lage eit kunstverk som kommuniserte med brukarane på ein positiv måte, og som samtidig viste respekt for omgivnadene.

Resultatet er skulpturen «Framut» av Christian Sunde – ei stilisert hovudform, plassert på ei søyle midt i eit gamalt fontenebasseng i eplehagen. Hovudet er belyst frå undersida og gløder svakt i mørket. Skulpturen har eit framoverretta uttrykk; det er som hovudet speidar ut over landskapet.

Skåland ungdomsbase blei nedlagd i 2013. Skulpturen står framleis på eigedomen, som er i Statsbyggs eige.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to