Høgskolen i Innlandet, studiested Evenstad

Photo: Statsbygg / Kunst i offentlige rom

Dei svart-kvite fotografia til fotokunstnaren Ellen Ane Krog Eggen formidlar tidlaus og minimalistisk eleganse. Samstundes speglar motiva det lokale miljøet og faga det blir undervist i på Campus Evenstad.

Campus Evenstad er ein av to campusar ved Avdeling for anvendt økologi og landbruksfag, den minste avdelinga ved Høgskolen i Hedmark. Skulen tilbyr utdanning innan skog- og utmarksfag, jakt, fiske og naturrettleiing, bioenergi og økologi. Om lag 200 studentar og 60 tilsette har sitt daglege virke her.

Skulen ligg i hjartet av Østerdalen i Stor-Elvdal kommune, cirka 20 km sør for kommunesenteret Koppang. Med si raudmåla bordkledning minner hovudbygget om ein låve i østerdalsk byggeskikk. Inngangspartiet har store vindaugsflater, og interiøret er lyst, funksjonelt og stilreint.

På veggane i inngangsparti, trappeoppgang og auditorium heng det fotokunst av Ellen Ane Krog Eggen, som sjølv er frå området. "Tellusvidder 1-8" er ein serie på åtte landskapsfotografi med fjellmotiv. "Sollia" er eit landskapsfotografi frå Østerdalen. "Kåre" er eit portrettfotografi av den lokale kunstnaren Kåre Norvik, som også har verk utstilt på skulen. Alle fotografia er i svart-kvitt, og saman har dei eit minimalistisk og tidlaust uttrykk.

Ellen Ane Krog Eggen (f. 1969) er eit sterkt namn innan ny norsk fotokunst. Ho er utdanna ved Academie voor Schone Kunsten i Gent i Belgia. Ho har ei rekkje gruppe- og separatutstillingar bak seg i Noreg og i utlandet, og er innkjøpt av Nordnorsk Kunstmuseum og Regus Lysaker. Fotografia hennar er trykt i ei rekkje kjende tidsskrift.

Add a comment or suggest edits

Leave a comment or send an inquiry

Share to