Ås ungdomssenter

Photo: Statsbygg / Kunst i offentlige rom

Eit stort amfibieliknande vesen i klare og leikne fargar flyt rundt i trapperommet på Ås ungdomssenter, som er eit tilbod for unge med åtferdsvanskar.

Ås ungdomssenter er eit skule-, bu- og behandlinstilbod for born og unge mellom 12 og 18 år som har hamna i ein vanskeleg livssituasjon. Fleire av dei som er tilknytt senteret bur her permanent, og det er også mogleg å få undervisning her. Før opninga i 2005 blei det gamle trehuset rehablitert. Samstundes blei det reist eit tilbygg og trappehus i glas og aluminium.

Dei fargesterke og dynamiske tredimensjonale arbeida til kunstnaren Knut Olav Dokken har eit tøft, humoristisk og fabulerande uttrykk. Dei er framstilt i metall og stål, og modellane har han produsert i eit datastyrt 3D-program.

Dokken har henta inspirasjon frå insekt og organismar som lever i vatn. Det største arbeidet er eit amfibieliknande objekt i lakkerte blå- og raudfargar som flyt rundt i rommet. Fordi det er så mange vindauge i tilbygget, kan skulpturen opplevast både innanfrå og utanfrå. Storleiken gjer også at dette er eit objekt ein legg merke til. Vesenet er heile to og ein halv meter høgt og fyller nær heile trapperommet.

Dokken har også laga to mindre veggarbeid til to av stuene, der ungdommane oppheld seg mykje. Her ser vi to raude og grøne krypdyr som kravlar oppetter veggen. Dei er festa på kvar si metallplate, som også er lakkert i klare, sterke fargar.

Knut Olav Dokken (f. 1976) er utdanna metallkunstnar frå Statens håndverks- og kunstindustriskole, og er basert i Vestre Slidre i Valdres.

Add a comment or suggest edits

Leave a comment or send an inquiry

Share to