Photo: Statsbygg / Kunst i offentlige rom

Den norske ambassaden i Katmandu, Nepal

Per Manings to meter høge og breie fotografi «Seal» er, med si sentrale plassering i resepsjonen, eit slåande blikkfang i Den norske ambassaden i Katmandu.

I ein periode på fem år, mellom 1988 og 1993, vitja den norske kunstnaren Per Maning eit akvarium i Danmark med fotoutstyret på slep. Resultatet av desse vitjingane vart ein serie med fotografi som har gjort kunstnaren kjend langt utanfor Noreg sine grenser. Også hunden Leo og fleire kyr er blitt fanga inn av kameralinsa hans.

Metoden til Maning inneber at han bruker lang tid med kvart dyr han fotograferer. For å bli akseptert, og kjend med dyret, går han varsamt fram med kameraet. Slik oppnår han ein heilt spesiell kontakt og nærleik som blir spegla i biletet, og som gjer oss i stand til å sjå på dyret som eit einskild individ.

Selen vi ser i dette fotografiet, som blei kjøpt inn til det norske ambassadebygget i Katmandu i 2008, ser avventande og nysgjerrig på oss, utan å verke aggressiv. Komposisjonen er fint balansert med speglinga i den blanke vasskorpa mot den flekkete pelsen til selen.

Da ein skulle velje kunst til ambassadebygget, blei det lagt vekt på at den skulle framheve noko av det særmerkte med Noreg. Selen formidlar at Noreg er ein nasjon sterkt knytt til havet.

Seinare er det blitt peika på at selen også sender tankane til selfangst, ei av dei meir kontroversielle sidene av historia vår som sjøfartsnasjon.

Add a comment or suggest edits

Leave a comment or send an inquiry

Share to