Riksarkivet

Photo: Zellien, Werner / Kunst i offentlige rom

Mellom høge furutre, i ei skråning inntil skogkanten ved Sognsvann i Oslo, ligg Riksarkivet, som husar arkiva etter heile den statlege sentraladministrasjonen. Dei tre kunstprosjekta her er på kvar sin måte poetiske utforskingar av sjølve staden og funksjonen den har som det kollektive minnet til nasjonen.

I 2005 blei det sett i gang ei omfattande oppussing av Riksarkivet, og biletkunstnarane Ole Jørgen Ness og Eivind Lentz og komponisten Cecilie Ore fekk i oppdrag å stå for kunsten.

Eivind Lentz fatta interesse for overgangen mellom analog og digital informasjon, som utgjer eit markant historisk skilje i arkivsamanheng. Lentz tinga eit «foto» frå satellitten Quickbird 450 kilometer unna, og med dette som utgangspunkt laga han seks verk, mellom anna fleire manipulerte og fargemetta variantar av satellittfotoet. Han laga også "Peker", ei enorm kvit pil som liknar den du navigerer med på pc-en din, som er måla på asfalten utanfor Riksarkivet, og viser veg til den nye fløya der.

I vestibylen ved resepsjonen har Ole Jørgen Ness måla verket "Techtonic Jam", eit 15 meter høgt veggmåleri, med vassbasert, fargesterk temperamåling på rå betong. Med smygande, organiske rørsler slynger det frodige verket seg oppetter veggene. Muralen blei improvisert fram på staden av kunstnaren, og er kombinert med relieff av utskorne finerformer.

Kvar time, både inne i inngangsområdet og ute, høyrer du eit særprega signal på Riksarkivet. Plutseleg bryt lydar frå gregoriansk song inn i landskapet. Kviskring og song kling saman med bjøller og gongar i ulike variasjonar. Det du høyrer, er Cecilie Ore sin datastyrde lydinstallasjon "Lux Illuxit". Ho har betrakta Riksarkivet som ein «kjellar full av stemmer», ein forvaltar av det kollektive og individuelle minnet vårt. Fordi Riksarkivet ligg nær skogen, inngår også lydar frå 12 ulike fuglar i verket. Desse lydane bryt inn tre gonger i døgnet.

Share to