Photo: KORO / Kunst i offentlige rom

Grubbegata 1, Kulturdepartementet (KUD)

Kunstsamlinga til Kulturdepartementet er sett saman av verk som departementet sjølv eig, diverse innlån og verk frå KORO si samling. Kurator Nora Ceciliedatter Nerdrum har leia arbeidet saman med konservator Fredrik Qvale (begge KORO). I tillegg har Andrea Kroksnes frå Nasjonalmuseet, Erik Steen frå Norsk Billedhoggerforening og Kjersti Solbakken, dåverande leiar i Galleri Format, blitt konsultert om lån og kjøp av verk for å komplettere samlinga.

Kunsten er plassert i 1. og 7. etasje i dei nye lokala til Kulturdepartementet. 1. etasje er kantine, møterom og presserom, medan 7. etasje husar kontora til statsråd, statssekretær og departementsråd.

Grubbegata 1 husa tidlegare Fiskeridepartementet, som etterlét åtte kunstverk som tilhøyrde KORO: tre fotografi av Dag Alveng, eit stort måleri av Harald Fenn, to fotografi av Mette Tronvoll, eit måleri av A.K. Dolven og ein skulptur av Bård Breivik. I tillegg dukka det opp eit måleri i Kulturdepartementet si eiga samling som viste seg å være innkjøpt av Utsmykkingsfondet, forløparen til KORO. Måleriet mangla signatur, men litt detektivarbeid avslørte at det var kjøpt gjennom Kunstnerforbundet i 1995. Derfrå fann ein fram til kunstnaren Snorre Kyllingmark og tittelen «Sol på koffert».

Kuratorane har også hengt opp to måleri av Gunnvor Advocaat og eit triptyk (måleri i tre delar, som ei altartavle) av Per Kleiva frå samlinga til KORO. Dei tre verka hang opphavleg i S-blokka, men vart så hardt skadd av bombeåtaket 22. juli 2011 og redningsarbeidet i etterkant at dei trong omfattande konservering. No er verka henta fram igjen, og det er sett opp skilt som fortel den dramatiske historia deira.

Kulturministeren ønskte kunst av ein eller fleire unge kvinnelege kunstnarar på kontoret sitt. I samråd med kurator Nora C. Nerdrum kjøpte departementet inn tre papirarbeid av Marianne Hurum.

Add a comment or suggest edits

Leave a comment or send an inquiry

Share to