UiT Norges Arktiske Universitet, Campus Tromsø, Universitetsbiblioteket

Photo: KORO / Kunst i offentlige rom

Dei vakre, naturtru og innovative tekstilskulpturane til Gitte Dæhlin er eit av høgdepunkta i kunstsamlinga til Universitetsbiblioteket. Bygget er òg ein av dei beste stadene å besøke om ein vil få eit solid inntrykk av kunsten til rabulisten og aksjonisten Willibald Storn.

Universitetsbiblioteket er ein av dei mest besøkte bygningane på Campus Tromsø. Bygningen, som har ei tilnærma kvadratisk form, husar boksamlingane til Fakultetet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning, og det er òg kantine her.

Gitte Dæhlin (1956–2012) sine tre oppsiktsvekkande og uttrykksfulle tekstilskulpturar Det var – det er – det kommer en søyle er plassert like ved panoramavindauga i tidsskriftavdelinga i biblioteket. Den eine skulpturen er nærmast ein installasjon, ei form for naturalistisk pop-kunst: Fire ulike klesdrakter på fire par bein stikk ut på kvar si side av den kvadratiske pilaren midt i tverraksen i rommet. Dei er menneske med ulik kulturell forankring som les kvar si avis. At dei ikkje har ansikt, gir ein slåande effekt; dei les, og er i si eiga verd.

Til høgre for pilaren står ein mann som ber ei stor, avlang glaskasse fylt av samanrulla avispapir på ryggen. Han er lent framover, tyngd av vekta frå kassa. Han er på veg, og ber kunnskapen, eller kastar den som søppel. Ein kan også sjå det harde kroppsarbeidet og dei mange avisene han ber på, som ein kommentar til den åndelege verda som blir forvalta på biblioteket, og det manuelle arbeidet utanfor – til korleis dei råvareproduserande landa og hardt fysisk arbeid er ein føresetnad for rikdommen i den vestlege verda.

Den tredje skulpturen er kunstnarisk uttrykksfull. Den framstiller ei kvinne som står i eit glasbur. Heile kroppen hennar med unntak av ansiktet og hendene er vikla inn i remser av vakker kvit damask. Noko ved skulpturen gir likevel inntrykk av at ho rører seg langsamt framover. Ho er eit levande og samtidig mumifisert vesen.

Også dei tolv monumentale kjempelerreta til Willibald Storn (f. 1936) vekker oppsikt. Den raude tråden i kunstverka er livssyklusen; Storn fortel historia om korleis livet artar seg, frå Edens hage, oppvakning og kjærleik, til krig, øydelegging og forfall. Storn var ein av grunnleggjarane av GRAS-gruppa, eit politisk kunstnarkollektiv med felles grafikarverkstad som var toneangjevande på 1970-talet. Storn har eit fabulerande, energisk uttrykk, der vald, krig og kapitalismekritikk inngår i motivkrinsen saman med draumebilete og erotikk.

Marit Myklebust (f. 1953) har utførd 18 gardiner i silketrykk til kantina. Ho plukkar element frå daglegliv, natur og bøker, og bruker i tillegg meir abstrakte formar. Desse blir komponert saman til stemningar, forteljingar og landskap.

Biblioteket er rikeleg forsynt med annan laus kunst som ikkje er laga direkte til bygget. Særleg bør ein nemne dei to grafikksamlingane med arbeid av Edvard Munch og John Andreas Savio. Vi finn også fleire tekstilbilete av den samiske tekstilkunstnaren Britta Marakatt-Labba her.

Share to