UiT Norges Arktiske Universitet, Campus Tromsø, Realfagbygget

Photo: KORO / Kunst i offentlige rom

Henry Bardal sitt kraftfulle oljemåleri frå 1984 fyller ein heil vegg i auditoriet til Realfagbygget og skildrar Noreg i ei brytningstid mellom fiskeri- og oljesamfunnet.

Det stramme og nøkterne Realfagbygget er teikna av arkitekt John Kristoffersen og husar studentar i matematikk og IT. Bygningen var ein av dei første som stod ferdig under utbygginga av Universitetet i Tromsø, og blei tatt i bruk i 1979.

I samband med utbygginga blei alle norske kunstnarar med nordnorsk tilknyting oppmoda om å melde si interesse for ein konkurranse om å utforme eit hovudkunstverk til det sentrale auditoriet i Realfagbygget. Etter ein lukka konkurranse var det til slutt Henry Bardal (1919–2000) som stod att som vinnar. Hans monumentale sju meter høge og seks meter breie oljemåleri stod ferdig i 1984, og er eit slåande blikkfang i auditoriet.

Måleriet skildrar Noreg i ei brytningstid mellom fiskeri- og oljesamfunnet. Då Bardal måla måleriet, var det stor leiteaktivitet på norsk sokkel i Norskehavet og i Barentshavet. I forgrunnen ser vi ein fiskar i ein robåt full av nyfiska fisk, og bak han vakar dei større fiskeskøytene. Heilt i bakkant ser vi ein oljerigg reise seg i eit veldig format. Kontrastane mellom det manuelle og det maskinelle verkar både uhyggelege og uhandterlege i Bardal si melankolske framstilling. Det er nærliggjande å tenke at kunstnaren også hadde ein politisk bodskap – ein bodskap som framleis blir debattert i Nord-Noreg og i resten av landet meir enn 30 år seinare.

I kantina finn vi eit anna kunstverk som set sitt preg på Realfagbygget. Kunsthandverkarane Kyrre Andersen og Liv Anne Lundberg fekk i oppgåve å utarbeide eit kunstverk til kantina som også omfatta ein plan for interiør, fargesetting og belysning. Ønsket var eit kunstverk som kunne understreke den spesielle utforminga av kantina; taket i kantina er trappa i auditoriet i etasjen over. Andersen og Lundberg utforma fire objekt: tre hengande og ein ståande skiljevegg. Taket blei kledd i ein koloritt beståande av striper i pastellar av grønt, rosa og gult og ein kraftfull blåfarge. I dag er kantina renovert, men dei hengande objekta, skiljeveggane og dei grøne, rosa, gule og blå platene i taket set framleis farge på rommet.

Share to