Photo: Forsvarsbygg / Kunst i offentlige rom

Luftforsvarsbase Bodø

Synnøve Persens fargesterke og abstrakte måleri tilfører Bodø flystasjon varme og ro til ettertanke.

330-skvadronen ved Bodø flystasjon er ein av Luftforsvarets operatørar av redningshelikoptertenester i Noreg. Mannskapen på om lag 40 personar har ein kvardag som til tider er prega av svært dramatiske hendingar. Det står ofte om liv eller død når alarmen går. Det var difor eit ønske at kunsten til den nybygde flystasjonen i Bodø skulle bidra til ein atmosfære som både verka roande og gav nytt overskot. Bodø flystasjon består av eitt bygg med buareal for tilstadesvakter og eitt bygg som husar administrasjon, teknisk vedlikehald og kantine. Kunsten er plassert i opphaldsromma som fungerer som kjøkken, kantine og møterom. Mannskapen i 330-skvadronen ønskte ikkje kunst som illustrerte arbeidet deira direkte, men snarare kunst med ei meir abstrakt tilnærming til verksemda på flystasjonen. Det var òg eit ønske at dei kunne ha utbytte av å sjå kunsten både frå langt hald og på nært hald. Synnøve Persen (NO) har laga fire verk av til saman fem akrylmåleri til flystasjonen. Dei abstrakte motiva er forankra i det nordnorske landskapet gjennom både formspråk, koloritt og lystolking. Fargane gir assosiasjonar til ei varm, livgivande sol og ein open himmel, men opnar òg for meir private og eksistensielle tolkingar. Slik skaper bileta høve til ro og ettertanke mellom dramatiske redningstokt. Synnøve Persen (f. 1950) har samisk bakgrunn og har vore sentral i organiseringa av det samiske kunstlivet gjennom ei rekkje verv. Ho er utdanna ved Kunstskolen i Trondheim og Statens kunstakademi og er innkjøpt av mellom andre Norsk kulturråd, Sametinget og Nordnorsk Kunstmuseum. Persen er også ein velrenommert forfattar. Bodø flystasjon ble nedlagt i 2016.

Bodø flystasjon, 330-skvadronen blei i 2016 kampflybase og base for Natos Quick Reaction Alert ut F-16s levetid (til rundt 2021) og utøver også redningstjeneste med helikopter.

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to