Magnormoen kontrollstasjon

Photo: Statsbygg / Kunst i offentlige rom

Kunstverka Johan Urban Bergquist har laga til Magnormoen kontrollstasjon, speglar både passiviteten og spenninga knytt til grensepassering og kontroll.

Kunstverka Johan Urban Bergquist har laga til Magnormoen kontrollstasjon, speglar både passiviteten og spenninga knytt til grensepassering og kontroll.

Magnormoen kontrollstasjon er ein grensestasjon kor køyretøy blir kontrollert, men også ei informasjonsteneste. For mange skjer det første møtet med norsk tollvesen her. Johan Urban Bergquists kunstverk tar på ein humoristisk måte opp i seg alvoret i både jobben til Tollvesenet og situasjonen til dei som passerer grensa.

Bergquist arbeider i ein gatekunstsjanger som oppstod som ein subkultur for dei som kjende seg oversett og framandgjort, og som ein kjenner igjen uansett kor ein kjem frå.

Verket "Hysh!" i kontrollhallen viser ei hovudform som held fingeren over munnen og liksom stig fram frå veggen gjennom ei rekkje av stadig større og tydelegare hovudformer. "Hysh!" gir assosiasjonar til hemmeleghald, men kan også representere dei ukjende historiene folk ber med seg når dei kjem til eit nytt land.

Verket "Three Wise Monkeys: See No Evil, Hear No Evil, Speak No Evil" er sett saman av tre pastellfarga hovudformer som er utstyrt med høvesvis solbriller, øyretelefonar og maske over munnen. Assosiasjonane går til det berømte motivet frå buddhistisk tradisjon kor tre apar held seg for auge, øyre og munn. Ein trur at det opphavleg har blitt tolka som ei oppfordring om å ikkje gjere urett. I Vesten har motivet blitt brukt om dei som vel å sjå ein annan veg når urett blir gjort mot andre. Sidan verket til Bergquist heng i venterommet, handlar det også om å vere i ein passiv situasjon og korleis ein oppfører seg då.

Johan Urban Bergquist (SE) er utdanna ved Kunstakademiet i Trondheim og bur i Oslo. Han jobbar med installasjonar, kunstnarbøker, teikning og skulptur, ofte i kombinasjon. Bergquist har vore med på ei rekkje utstillingar i Noreg og Sverige.

Share to