Photo: Statsbygg / Kunst i offentlige rom

Trondheim fengsel

Forvaringsavdelinga til Trondheim fengsel, som ligg på Tunga utanfor sentrum, er eit av dei mest lukka offentlege romma i Noreg. Bak høge gjerde sit innsette med langtidsdommar, mange av dei for svært grove brotsverk. Tilværet i fengselet er bygd opp på humanistiske verdiar, og dei innsette har tilbod og utdanningsmoglegheiter. Men i den lukka og monotone verda eit fengsel kan vere, blir òg kjensla av tida påverka, og dagar og årstider kan flyte over i kvarandre. Desse avgrensingane inspirerte Eirin Støen og kunstkonsulent Kristine Jærn Pilgaard til å lage eit kunstverk som involverte brukarane heile vegen, frå planlegging til realisering.

For at prosjektet skulle lukkast, var Støen og Pilgaard avhengig av eit nært samarbeid med dei innsette, tilsette og fengselsleiinga. Det blei halde gruppearbeid, og dei innsette var med på å velje ut planter og vekstar samt bygge vekstkasser, eit integrert utekjøken, bord og benkar og drivhuskasser. Møblane og vekstkassene i sibirsk lerk blei laga i samarbeid med byggfaglina i fengselet. Ein botanikar hjelpte til med å finne gode planter og blomar som passar til klimasona i Trondheim, og Leira Gartneri bidreg med opplæring og kursing i hagestell og dyrking.

Den 900 kvadratmeter store luftehagen hadde tidlegare innsyn frå alle kantar, men er nå blitt ein frodig oase og ein stad for ettertanke og ro. Frå lufta kjem eit geometrisk, labyrintliknande mønster til syne. Støen har henta inspirasjon frå engelske hageanlegg på byrjinga av 1900-talet, såkalla edvardianske hagar, som var strengt utforma, men samstundes gav eit overdådig og viltveksande uttykk. .

"Hagen" er òg ei visualisering av den greske filosofen og matematikaren Pythagoras si læresetning om den rettvinkla trekanten, der summen av kvadratane på katetane er lik kvadratet på hypotenusen. Læresetninga er utgangspunkt for korleis dei ulike delane av hagen, kasser, blomar og vekstar, er bygd opp og plassert i forhold til kvarandre. Det grunnleggande kunnskapsfundamentet som ligg i arbeidet til Pythagoras og synet hans på det heilskaplege mennesket, har inspirert kunstnaren i arbeidet med å gjere om ein tom luftegard til ein meiningsfull stad kor dei innsette kjem i kontakt med naturen. Sjølv når hagen er snødekt, fungerer vekstkassene som skulpturar i uterommet, og når våren kjem, er det opp til dei innsette å få det til å vekse og gro i hagen. Arbeidet var ferdigstilt frå kunstnaren si side i 2011, og etter det er hagen blitt drifta, vedlikehalde og vidareutvikla av dei innsette sjølve.

Add a comment or suggest edits

Leave a comment or send an inquiry

Share to