Norsk Industriarbeidermuseum

Photo: Isaksen, Trond A. / Kunst i offentlige rom

Dei kraftfulle plakatane frå det politiske kunstnarkollektivet GRAS har fått ein permanent heim på Norsk Industriarbeidermuseum på Vemork på Rjukan.

Dei kraftfulle plakatane frå det politiske kunstnarkollektivet GRAS har fått ein permanent heim på Norsk Industriarbeidermuseum på Vemork på Rjukan.

På Vemork er det historie i kvar stein. Den freda kraftstasjonen, som ligg på ei fjellhylle på Rjukan i Telemark, blei bygd av Norsk Hydro allereie i 1911, og var ein grunnvoll for den eksplosive utviklinga av Rjukan som industristad tidleg i det førre hundreåret. I glansdagane på 1920-talet hadde stasjonen si eiga toglinje og ein sju etasjar høg hydrogenfabrikk. Aller mest kjend er staden for å ha produsert tungtvatn for tyskarane under andre verdskrigen, som tyskarane planla å bruke i produksjonen av ei atombombe. Denne verksemda gjorde at fabrikken vinteren 1943 blei åstad for ein av dei viktigaste sabotasjeaksjonane i Noreg under krigen.

I dag husar den monumentale bygningen det nasjonale museet Norsk Industriarbeidermuseum. Fabrikken blei lagt ned i 1971, og etter lange diskusjonar om den vidare skjebnen til kraftstasjonen, tok museet over lokala i 1988. I 2011 blei det erverva 15 bilete frå den sosialistiske GRAS-gruppa etter ei rehabilitering av reservestasjonen i bygningen. Kunstnarkollektivet GRAS produserte politiske silketrykk i ein fellesverkstad i Oslo tidleg på 1970-talet, og ei sentral målsetting var å nå ut til eit publikum utanfor galleriverda. Dei trykte derfor opp ei mengde plakatar av kvart trykk og distribuerte dei ut til folket. Ikkje minst gjaldt dette dei mest politiske bileta, med adresse til EEC(EU)-kampen og USA si krigføring i Vietnam.

Ikkje tilfeldig er det Morten Krohg sitt bilete Folkets kunst? som møter publikum først i utstillinga. Det viser Harry Fett (industrieigar, kunsthistorikar og Noregs første riksantikvar), som fargeblussande og dresskledd held ei forelesing for ei gruppe arbeidarar med lua i handa ved eit portrett av ein renessansefyrste. Krohg sin kritiske brodd var spesielt retta mot organisasjonen Kunst på arbeidsplassen, som var grunnlagd av Fett. I GRAS-gruppa sine auge var denne organisasjonen motpolen til deira eigen strategi.

Kunstnarar frå GRAS som er representert på Norsk Industriarbeidermuseum, er Victor Lind, Bjørn Melbye Gulliksen, Egil Storeide, Olav Orud og Morten Krohg.

1. mai 2011, hundre år etter opninga, stod den nye utstillinga klar i dei rehabiliterte lokala.

Add a comment or suggest edits

Leave a comment or send an inquiry

Share to