41. Eg ventar

"Vers ved vannvegen" presenterer Aslaug Vaa sitt dikt "Eg ventar".

I

Tung tung

er byrdi te føre

dei bruir ganga

på tunne plankar

fotslagi lydest hole.

 

Utforbakk skjott

Byrdi skryt på

Bikkar over nakken

Vel velte renne frå

Få føtan te snåve.

 

Uppfor bakken

foten må leite

upp gjennom bakkar

fær byrdi si vikt

tungt og tyngre, ja

tyngjer ned og ned

til foten er som jord.

 

Til foten er jord

er jordi som andar,

og byrdi blir lett og alt lettar

og du, du alt tyngre, alt tyngre –

 

II

Og eg gjekk til myrket

der det var tyngst

og til lengselen

den lengste lengselen

Mitt hjarta – upphav kjelde av gråt

mitt hjarta! ljoset!

det ljos du aller fær hava,

fødest nedi ditt myrker!

 

III

Du reiste dei hundra mil

for å tala med meg

sa du

 

Du tala dei hundra timar –

Kjøre ven! Kvifor reiste du so lang ein veg?

 

IV

Eg ventar

Ventar på eit ekko

For eg hev ropa til evigheten!

 

eg ventar

ventar på honom

som syner morgonroden

veg og stad

 

eg ventar

ventar på hondi

som stiller mitt hjarta.


"Vers ved vannvegen"  er eit samarbeidsprosjekt mellom kanalkommunanen, Skien, Nome, Sauherad, Notodden, Kviteseid og Tokke, som ønskjer å syne fram sine lokale diktarar langs Telemarkskanalen. 


Share to