Kyrkjestova ved Kinnakyrkja

Denne stova vart flytta frå Nærøya og brukt som bustadhus til like etter krigen.

 

Kyrkjestova ved Kinnakyrkja

Av Rolf Orheim

Når vi går inn i Kinnakyrkja, passerer vi først ei gamal stove som i dag blir brukt som kvile- og opphaldsrom for presten og andre ved kyrkjelege tenester – eit slags sakristi, om du vil. Denne stova vart brukt som bustadhus til like etter krigen. Men fram til hundreårskiftet stod her også to andre hus som  vart rivne kring 1910 fordi dei kom i vegen for ei utviding av kyrkjegarden. I dag hadde dei nok måtte funne andre løysingar for utviding av gravplassen, for dei to gamle husa ville nok ha vore verneverdige.  Det meste av rivingsmaterialane frå det store bustadhuset vart tekne vare på, og kring 1920 bygde far til Otto Kinn, Albert, opp att eit bustadhus lenger sør på Kinn, på Kviteberget.

     Anton Larsen, som var informant til denne artikkelen, vaks opp i ein syskenflokk på 11 i den vesle stova ved Kinnakyrkja, fem jenter og seks gutar. Foreldra, Lars Bendiksen og kona Olefine, levde eit strevsamt liv for seg og sine. Opphavleg stod den vesle stova på Nærøyane nord for Kinn. Det står mange husmurar på desse øyane etter den store busetnaden i 1860-åra, då det under dei rike sildefiska kunne bu mellom 1000 og 1500 menneske berre på Nærøyane. Lars Bendiksen var åtte år gamal då stova vart flytt til Kinnakyrkja og bygd opp att, litt større enn før flyttinga. Men Anton seier lakonisk at dei hadde det just ikkje romsleg, korkje med bustad eller med levemåten elles. Han veit ikkje at heile syskenflokken nokon gang var samla, bortsett frå barnedåpen til minsteguten, Lars. Etter krigen flytte familien til Åkrøyna, og huset vart seld til kommunen.

(Artikkel frå Kinnaspelet sitt programhefte, 2003)

 

Share to