Grav

Rundt knausen ovafor ligg det ein steinring. Dette er tolka å vere ei grav frå jernalder.

Per Fett registrerte steinringen då han var her på 1950-talet. Nokre av steinane er overgrodd av vegetasjon. Men i all hovudsak er ringen lett å sjå. I Askeladden (det nasjonale fornminneregisteret) er dette tolka å vere ei grav.

Lokalt heiter heile denne flata for Parken. Her brukte folk på Kinn å samle seg på fine sommardagar med kaffimat. 

Share to