Blåstrupa - «fjellets nattergal»

Kjem du til Dovrefjell og Fokstumyra tidleg på sommaren er du sikker på å både høyre og sjå blåstrupa! Blåstrupa - «fjellets nattergal».

Blåstrupa er ein  vanleg fugl i fjellområda våre. Ikkje minst i vierkratta på og rundt Fokstumyra er den talrik. Om våren er hannen praktfull der den sit godt synleg og syng i kjerret med eit klart blått felt under strupen.  Men ofte ser ein den berre når den flyg frå oss. Da kjenner ein blåstrupa att på det orange-brune feltet på «overgumpen», feltet innerst på halen mellom vingane. Songen er vakker, variert og intens og har innslag av imitasjonar frå andre fuglar. Det er klimpringa - som bjelleklang - som gjer songen lett å kjenne att.

Share to