Julehandkledet

Julehandkledet var eit vakkert kvitt, avlangt tekstil og firfletting var mest brukt som handverksteknikk i ein bord nederst.  Det var endeleg høgtid i heimen når julehandkleda blei hengt opp og fugleneket kom på plass på låvebrua.

Julehandkledet var eit luksusfenomen i det gamle bondesamfunnet. Det var ein markør for overskot viss ein til og med hadde fleire slike å pynte med. For firfletting var eit handverk som bare hadde dekorativ verdi.

Me pynter våre heimar i dag med gamle arva julekorger og nyinnkjøpte designerenglar. Dei viser oss og andre røtter, personleg smak og status. Det har julepynten gjort til alle tider. Visste du at nokon i Midt-Telemark fortsatt pynter med julehandkle til jul? Tenk at tradisjonen med julehandkleda har overlevd heilt fra vikingtida.

I Telemark er vi stolte av å vera blant dei få som vidarefører denne gamle tradisjonen.

Share to