Eit av desse fysiske kulturminna er gravstøtta over den skotske kaptein lord George Sinclair (1580-1612). Han var av dei fyrste som fall, blir det sagt. Han leida framtroppen som bøndene slepte forbi der dei låg i bakhald i lia ovanfor stigen. Han var godt bevæpna og var til hest da han vart felt nede mot Solhjemsletta.
Berdon Seielstad frå Ringebu er særleg kjent for historia om korleis han skaut lord Sinclair, det beit ikkje kuler på han, vart det sagt. Difor reiv han av skjorteknappen sin (av arvesølv), stappa han inn i munnen, tygde han til – og ladde børsa med knappen og skaut Sinclair.
Frå ein av dei mange versjonane av Sinclairvisa:
Deres Överste Hand Red först i led
og Holt sig saare Prægtig,
Hand blev först skut af Hesten ned
og var ganske af mægtit
Saa döde Hand der strax paa stand
Med flere paa de tide
Georgius Sinchler Hette Hand
som da blev lagt i lige
Liket hans vart ført til Kvam, der han vart gravlagt ved Vik kyrkje, utanfor kyrkjegarden, i u-vigd jord. Den gong låg stavkyrkja litt nordafor og austafor garden Vik. Kyrkjegarden låg nedover mot elva og vart hardt medfaren i 1789 av storofsen. Grava åt Sinclair vart og delvis rivi vekk av den flaumstore Laugen den gongen.
Det har vore fleire støtter der opp gjennom tidene.Den eldste bevara er i Gudbrandsdal Krigsminnesamling. Den støtta som står der nå er laga av Ole Øyen frå Kvam i 1860 (250 års markering av slaget). Arbeidet vart finansiert av "Kollokassa", dvs. av gardane i eit sameige. Stavkyrkja vart rivi da dei la jernbana gjennom bygda i 1895-96. Da vart og støtta over Sinclair flytta nokre meter. Støtta står i dag som eit minne frå ei dramatisk og sagnomsust hending.