• Photo: Anders B. Wilse (Opphavsrett)
  • Photo: Anders B. Wilse (Opphavsrett)

Snøblokaden i 1913

Før den planlagde opninga hadde maskinsjefen i NSB vore på studietur til USA for å sjå korleis dei rydda snø der. Deretter vart det bygd ein roterande snøplog eller «rotar» etter amerikanske teikningar. Den hadde eit skovlhjul på tre meter i diameter og ei dampmaskin på 100 hk dreiv hjulet rundt 140 gonger i minuttet. Når han rydda snø, kunne han ikkje gå for eiga maskin, og eit damplokomotiv måtte skuve han. Denne rotaren viste seg å vera alt for svak, og ut frå tidlegare erfaringar trong ein meir enn ein. Allereie i 1908 var to sterkare rotarar klare til dyst.

Opningsåret 1909 gjekk greitt: på Finse fekk ein bygd opp lokomotivstall, verkstad, svingskive og innkvarteringsrom for vintermannskapa. Leiinga i NSB kunne puste letta ut i nokre få vintrar. 1913 var den fyrste vanskelege driftsvinteren i Bergensbana si historie. Bana var stengd frå Raundalen til Haugastøl, og ved Finse låg det 8 meter snø over linja. Trafikken sto i 9 dagar på høgfjellet, og ein måtte gå på ski frå Haugstøl til Finse med proviant til dei som var innesnødd der.

Share to