• Photo: Ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: Ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: Tore Bjørgo (Opphavsrett)

Stikkingsarbeid ved Sandå

Steinbua ved Sandå er den eldste bygningen frå anleggstida, sett opp i 1896. Den er i dag bygd om og forlenga, men i god stand. Mykje av det originale står framleis att.

Då linjevalet vart vedteke i Stortinget i 1894, vart dei to fyrste steinbrakkene bygd. Ei her på Sandå, og ei lenger vest ved Høgheller. Desse steinbrakkene vart hovudkvarter og utgangspunkt for flyttande teltleirar på aust- og vestsida, og vart seinare nytta til å husa både ingeniørar og anleggsarbeidarar. Finstikkinga starta i 1895 og heldt fram til 1901. Det siste året gjekk stikkinga og anleggsarbeidet føre seg samstundes. 

Stikkingsarbeidet var krevjande både med omsyn til vêret og tekniske løysingar, og arbeidet kunne berre gå føre seg om sommaren. Mange unge ingeniørar var med i arbeidet på banen, men så lenge det var arbeid å få i låglandet var det få som let seg freiste av dei kummerlege tilhøva langt til fjells og langt frå folk. Nokre vart berre ein sesong eller to, men to var med under heile den 13 år lange anleggsperioden. Det var ingeniørane Olav Berner og Ole Guttormsen.

Steinbuene var dårleg eigna husvære, dei var små og kalde. Ingeniørane flytta inn i stasjonar og vaktarbustader så fort dei sto ferdige, men då skjenelegginga gjekk føre seg ved Sandå, var steinbua igjen god å ha for anleggsarbeidarane.

Share to