Ovdeil

Den eldste typen er dei vid-erma skjortene, eller slengerme-skjorter, som dei ofte blir kalla i Telemark. Dei har heilt vide ermar, altså ingen ermelinning, eller ermekvarde i avslutninga av ermet. 


Men dei har svært flott saum i kanten på ermet; det har dei òg på halskvarden og på bringa. Veldig ofte er ikkje verken fargane eller teknikken på halskvarde og resten av skjorta eins – eller matchande, men det verkar ikkje som om det hadde noen særleg betydning.


Skjorta, som har blått og grønt broderi på bringa og raudt og grønt på halskvarden, er ei brudeskjorte frå 1855. Den har tilhørt Dordi Sveinungsdatter Eika, født Børte i Lunde i 1829. 


Ho var gift med bonde og stortingsmann Halvor Klasen Eika. Dordi S. Eika dyrka linet sjølv, spant garnet sjølv og sauma skjorta sjølv.

Share to