• Photo: Stein Ottosen
    (Copyright)
  • Photo: Ann Steindal
    (Copyright)
  • Photo: Kart Sverre Mo
    (Copyright)
  • Photo: Mittet & Co.
    (Copyright)

Laksegiljene og sitjenota

Eit vestlandsfenomen

Sitjenøtene og dei høge laksegiljene ved fjorden er ein fangstteknikk som har utvikla seg i fisket etter sjølaks i fjordbygdene på Vestlandet. Sitjenota — ein garnpose som er open i den eine enden — står i sjøen rett under gilja, med eit ledegarn inn til posen. For at sitjenota skal stå støtt i straumen, er ho festa med strenger til lands og med steinar til botnen. Laksefiskarane sit i ei lita hytte på toppen av gilja, høgt over fjorden. Når dei ser at laksen er komen inn i nota, stengjer dei notposen med eit «drag». På Straumshovet er det lett å stå frampå haugen og sjå når laksen går oppover straumen. Tidlegare var det berre ein enkel benk å sitja på. Den første gilja vart reist på slutten av 1800-talet.

Gode inntekter

Laksefisket fekk eit kraftig oppsving utover frå 1870, då marknadsverdien på laks og aure auka. Dette skapte stort press på ressursane, som førte til lovfesta innskrenkingar av fisketida og regulering av reiskapsbruk. Laksefisket gav gode inntekter til grunneigarane. Det var eit interessant fiske, med relativt små investeringar. Til gjengjeld var det stor spaning knytt til fisket og von om «det store draget», med nota full av sølvblenkjande laks.
 

Share to