• Photo: Rannveig Djønne (Opphavsrett)
  • Photo: Rannveig Djønne (Opphavsrett)

Alnes fyrstasjon

Knapt 20 minutt med bil frå Ålesund finn vi Alnes fyr. I ein storslagen natur ligg fyret nær den særeigne bygda på Alnes.

Oppretta i 1852

Fyret vart oppretta som privat fyrlykt i 1852, men alt i 1861 blei det nedlagt. Fyrdirektøren meinte det ikkje hadde noko å seie for skipsfarten. Fiskarane var dessutan ikkje villige til å betale avgiftene som måtte til for å drive fyret.

Vanskeleg å skaffe fyrvaktar

Fyret blei gjenopna i 1869 etter fleire krav til fyrdirektøren. Det var vanskeleg å skaffe nokon til å passe lykta. I 1876 ble det difor bestemt å tilsette ein fast fyrvaktar. Fyrvaktarbustad blei bygd same år.

Automatisert i 1982

Dagens fyr ble bygd i 1937, det er eit 18 meter høgt vinkeljernstårn med ytre kledning av tre. Fyret vart avfolka og automatisert i 1982.

Populær utfartsstad

I sommermånadane er Alnes eit populært reisemål for turistar og folk i regionen. I fyret er det ein triveleg kafé som vert driven av lokalbefolkninga. Den er open kvar dag i juni, juli og august. I månadane mars, april, mai, september og oktober er kafeen open på søndagar.

Kulturlandskapet

Alnes har framleis preget av fiskevær og busetnaden er konsentrert på tangen under Godøyfjellet. Resten av neset er prega av store samanhengande engområde. I sør markerer eit steingjerde skiljet mellom innmark og utmark, her følgjer beite og lyngheier. Bygningane til dei 11 gardsbruka står framleis i eit tun, noko som er uvanleg i Noreg. Den nyare busetnaden er plassert mellom det gamle tunet og fyret.

Alnes fyr, telefon 70 18 50 90

Share to