• Photo: Svein Ulvund (Opphavsrett)

Lemen

Lemenet er ein av fjellets merkelegare skapningar.

Lemenet er ein av fjellets merkelegare skapningar. Det er ein mellomstor gnagar, om lag 10 cm lang, med heilt kort hale. Pelsen er fargerik, med svart panne og oftast svart ryggstripe, og elles oransje og kvite felt. Lemenet er det einaste pattedyret som har si hovudutbreiing i Noreg, og det er vanlegvis eit typisk fjelldyr.

Treff ein på eit lemen, er det vanlegvis ikkje vanskeleg å oppdaga, for det freser og skrik med si skingrande stemme, og flekkjer dei store, gulaktige framtennene. Det er ei merkeleg åtferd som knapt skremmer serleg mange, men som i alle høve tiltrekkjer seg merksemd. I kratt og småbuskar høyrer ein ofte lemen lenge før ein ser dei.

Lemen er aktive heile året, og om vinteren lever dei djupt under snøen, der temperaturen held seg berre litt under frysepunktet. Dei har eit svært potensiale til å formeira seg, då dei kan få meir enn 20 ungar i kvart kull, og kan verte kjønnsmodne før dei er ein månad gamle. Med jamne eller ujamne mellomrom fører dette til at bestandane aukar dramatisk i storleik, noko me kallar for lemenår. Desse fell oftast saman med stor hyppigheit av andre smågnagarar som mus og fjellrotte. Dei eigentlege grunnane til at lemenår oppstår – eller ikkje oppstår – kjenner ein framleis ikkje til. Det som er sikkert er at i lemenår kan talet på lemen verte heilt kolossalt, slik at det myldrar av lemen nær sagt overalt, inkludert i elver og vatn, og ofte langt utanfor dei vanlege leveområda. Mellom lemenåra er lemen svært sjeldan både å høyra og sjå.

Lemen et plantekost, og kan gnaga tydelege gangar som vert synlege når snøen smeltar om våren. I skikkelege lemenår ser ein då også store samlingar av lemenlort – små, om lag 2 mm lange ovalar – overalt i terrenget.

Lemen smakar visstnok temmeleg dårleg, men vert likevel ete av både fugl og rovdyr. Er ein svolten nok, nyttar det ikkje å vera kresen.
 

Share to