• Photo: Jan Aakvik (Opphavsrett)
  • Photo: Jan Aakvik (Opphavsrett)
  • Photo: Jan Aakvik (Opphavsrett)

Ona fyrstasjon

Ona fyr ligg på øya Onakalven vest for Molde. Det raudmåla 14,7 meter høge støypejarnstårnet er eit av landets eldste i sitt slag.

Ona fyr ble første gang tent 20. oktober 1867. Det opphavlege franske linseapparatet er ennå intakt. Fyret har ei dominerande plassering i fiskeveret Ona.
 

Tørkeplass for fisk

Fyrområdet som også omfatta Onakalven blei kjøpt for 600 spd. Kjøpekontrakten gav innbyggarane på Ona løyve til å hente vann frå eit tjern på Kalven. Folket på fiskeværet fekk dessutan nytte fisketørkeplassen på Kalveneset.

Elektrifisert

Fyret blei elektrifisert i 1954 med straum frå det lokale straumnettet. Same året vart ei lita jernlykt sett opp som bifyr. Etter at den siste fyrmeisteren gjekk av med pensjon i 1971, blei fyret avfolka og automatisert.

Utfartsstad

Etter at fyret ble avfolka vart nokre av bygningane selt til private. Ona er i dag ein populær utfartsstad. Det er enkelt å ta med sykkel på ferja som fraktar passasjerar til Ona. Med start i Brattvåg i Haram kommune tar ein ferja til Fjørtøft, vidare til Harøy der ein syklar over til Finnøy. Derifrå tar ein ferje til Sandøy før siste etappe går til Ona.

Share to