• Photo: Heidi Rohde Rafto (Opphavsrett)

Redda livet

Det var ikkje økonomiske grunnar til at eg kom til Noreg, men politiske årsaker som gjorde at eg måtte flykta for å redda livet.

Namnet mitt er Zelfanya Tewelde og eg var fødd i Asmara, hovudstaden i Eritrea i 1974. Eg budde i lag med den gode familien min og hadde ein svært lukkeleg og god barndom. I 1979  til 1980 gjekk eg i førskulen. Førskulen vart kalla Amanueal. Då eg var 6 år byrja eg i grunnskulen som var same stad som eg gjekk i førskule. Frå 1986 til 1988 gjekk eg to år i Awet skule( barneskule) og frå 1988 til 1994 studerte eg ved skulen Isaak Teweldemedhin ( ungdomsskule og vidaregåande opplæring) .

Etter eg var ferdig ved Isaak Teweldemedhin gjekk eg inn i militærteneste og tente der fram til eg kom til Noreg.
Høyr Zelfanya fortel om tida før ho kom til Noreg.
 

Livet mitt i dag er ok. Eg bur i Sogndal mottak på Kaupanger. To gonger i veka går eg på norskkurs og arbeider frivillig på Fjøra Intro heile veka.
Zelefanya om arbeid.
 

Framtidsplanen min er å få eit godt liv.Høyr tankane hennar om framtida.

Intervjuet er gjort i samband med prosjektet Mangfaldige arkiv ved Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Høyr heile intervjuet med Zelfanya.

Share to